Digdir sin demo-utsteder
Demo-utstederen er ein tidleg proof-of-concept på utstedelse, og er no (juni 2025) basert på snarvegar og utdaterte pre-releaser av OpenID4VCI-specen.
Den er primært laga for å utstede PID-dokumentet, men har per idag også høve til å utstede eit fullmaktsbevis og eit dagleg-leiar-bevis. Me har fokusert på å få den til å virke mot EU sin demolommebok, og har ikkje brukt noko særleg tid på teste mot andre lommebøker. Den kan idag ustede berre i mdoc-format.
Det blir ikkje jobba vidare med denne frå Digdir si side, me held på med å lage ein meir robust utsteder.
Brukargrensesnitt:
Du kan gå til https://demo-utsteder.test.eidas2sandkasse.net/ for å teste utstedelse.
Metadata
Du bør finne alt som trengs for å kunne samhandle med utstederen via credential metadata-endepunktet: https://demo-utsteder.test.eidas2sandkasse.net/.well-known/openid-credential-issuer