Digdir sin utsteder, Bevisporten
Digdir tilbyr ein enkel utsteder i sandkassen.
Den er laga både for å utstede PID-dokumentet, men har ein modulær arktiktur slik at den skal vere lett å integere mot andre datakjelder for å utstede bevis på deira vegne. Ta kontakt med oss for å starte dialog dersom du ynskjer me skal produsere bevis for deg.
Bruksmønster
Utstedaren vår er laga for kunne dekke fylgjande 3 bruksmønster:
Me trur desse 3 variantane dekkjer dei fleste behova som offentleg sektor har for å kunne utstede bevis. Klikk på lenkene ovanfor for å få ytterlegare dokumentasjon om kvart einskild bruksmønster.
Brukargrensesnitt
Per idag har utstedaren eit ope web-grensesnitt der sluttbrukar kan få laga QR-koder som kan scannast for å initiere ein utstedelsesprosess. For bevistypar som er basert på pre-authorization-code flyt, må du istaden bruke den tekniske test-tenesta.
Utstedaren vil på sikt tilby eit web-grensesnitt der sluttbrukar kan logge inn og få utstedt bevis til seg sjølv.
Funksjonalitet
Me ynskjer at utstedaren skal følge Final-versjonen av OpenID4VCI. Dog testar me primært mot EU sin demolommebok, og denne ligg litt “bakpå”, so det kan vere at noko av vår protokoll-støtte enno er for gamal.
Features som er støtta no:
- ISO mdoc bevis-format
- Pre-authorization code
- Authorization-code flow
- Bruksmønster 1,2,3
Framtidig funksjonalitet:
- tx_code
- SD-JWT bevis-format
- Web-grensesnitt for sluttbrukar
- key binding
- Bevis-type-spesifikke signeringssertifikat
- Autentisering og autorisasjon av lommebøker basert på WUA
- verifisering mot OpenID conformance test suites
Metadata
Du bør finne alt som trengs for å kunne samhandle med utstederen via credential metadata-endepunktet: https://utsteder.test.eidas2sandkasse.net/.well-known/openid-credential-issuer
Kjeldekode og arkitektur
Kjeldekode for utstedaren finn du på sandkassen sitt Github-område. Utstedaren består av fleire mikrotenester:
- eudiw-issuer-server: backend som er hovudmotoren i utstedaren
- eudiw-auth-server Ein Oauth2 autorisasjonsserver spesialtdesigna for utstedaren
- eudiw-issuer-ui: brukargrensesnitt for innbyggar