Bevisporten, utstedelse styrt av utstedar
Denne sidan dokumenterer bruksmønsteret for utstedare-styrt utstedelse ved bruk av Digdir sin bevis-utstedar, Bevisporten.
Denne flyten er hensiktmessig for verksemder som ynskjer å overlate det meste av jobben med bevisutstedelse til ein leverandør. Du ynskjer ikkje å gjere endringar i eigne tenester for å lage ein utstedelseskapabilitet. Det kan også vere hensiktsmessig å starte utprøving av bevisutstedelse med denne flyten, og so migrere til ein av dei andre brukermønstra seinare.
Den funksjonelle skilnaden på denne flyten og lommebok-styrt utstedelse er berre kvar brukaren startar.
Bruksmønster 2: Utstedar styrer flyten
I dette bruksmønsteret treng du som datakjelde berre tilby eit API der utstedaren kan hente bevis-data. All interaksjon med sluttbrukar skjer gjennom utstadaren si innlogga web-grensesnitt.
- Sluttbrukar loggar inn til utstedaren
- Sluttbruker velger eit bevis hen vil ha,
- Utstedaren hentar bevis-innhaldet frå eit API hjå datakjelda
- Utstedaren rendrer ein brukerspesifikk QR-kode
- Brukaren scanner QR-koden med lommeboka si og får beviset utlevert
Grensesnittsdefinisjon
Du som datakjelde må stille eit API tilgjengeleg som utstedaren kan hente data om brukaren frå. Digdir må lage ein plugin i utstedaren som integrerer mot dette APIet.
Mange datakjelder har allereie eit slik API frå før, då treng du i praksis ikkje gjere noko anna enn å ta kontakt med oss for å drøfte korleis me kan kome igang saman.
Protokoll og testing
Ved bruk av denne brukerreisa so vert det nytta pre-authorization code flow.
Demo-lommeboka til Digdir er integrert mot utstedaren, slik at du kan teste dette ved å trykke plus-symbolet i lommeboka, og so velge ditt bevis.