Ta i bruk som brukerstad
Ein brukarstad er ei teneste som mottek innloggingar eller bevis frå den digitale lommeboka.
Den vanlegaste typen brukerstader er web-baserte nett-tjenester for innlogging slik me kjenner dei idag, til dømes Helsenorge eller nettbanken din. Men lommeboka kan også brukast mot fysiske brukarstader, som til dømes ein automat i ein butikk eller som adgangskontroll til ein bygning.
Brukerreiser
Brukarstader vil samhandle med lommeboka for å realisere brukerreiser som:
-
Autentisering / innlogging med elektronisk ID ( Teknisk dokumentasjon )
-
Verifisere alder ( Teknisk dokumentasjon )
Korleis bli ein brukarstad ?
Sjå oppskrifta på Samarbeidsportalen.
Oppsummert frå eit utviklar-perspektiv er det følgjande steg som må gjerast:
1. Registrering
Registere brukarstaden din i registeret over brukarstader (RP-registeret).
Som del av registrering må du lage eit access-sertifkat knytta til brukarstaden, som applikasjonen din nyttar for å autentisere seg mot lommeboka.
2. Beslutte deploymentmodell
Det vil vere store variasjonar mellom ulike verksemder for korleis dei best integrerer mot lommeboka. Her er nokre alternativ:
- Implementere støtte direkte i eigen applikasjon.
- Bruke ein lommebok-mellomvare foran eigne fagsystemer. Her forventer me at over tid vil API-gateways og IAM-produkter kome med lommebokstøtte. Per no er nok det enklaste å nytte ein standalone mellomvar, sjå t.d. EUDIPLO
- Bruke mellomvare som skyteneste.
- Få hjelp av ein leverandør.
3. Finne ut kva data du treng
Du kan sjå i beviskatalogen for å finne kva typar bevis som allereie er tilbode i sandkassen. For utprøving er det nyttig å mock’e data med Bevisgenerator.
4. Lage spørringar
Integrasjonen mot lommeboka skjer over OpenID4VP-protokollen. Sjølv om du brukar mellomvare kan det vere nyttig å ha litt basiskjennskap til denne.
Du må uansett ha ei basis forståing av spørjespråket DQCL (Digital Credentials Query Languague) for å klare å be om dei rette dataene. Sjå døma på bruksområde (t.d. innlogging ) eller protokoll-dokumentasjon.