Hjem  >  lommebok

Bruksområde innlogging

Innlogging på høgt sikkerheitsnivå, slik me kjenner det frå dagens tradisjonelle eIDar, er ein grunnfunksjonalitet i den digitale lommeboka.

Innlogging vert realisert ved at innbyggaren deler det digitale identitetsbeviset, den sokalla sokalla PID’en (person identification data), med ein brukarstad.

Det er særskilte krav i eIDAS2 knytta til utferdig av PID, mellom anna skal utførtast ein id-kontroll på høgt sikkerheitsnivå samstundes som brukaren får PIDen, og PIDen skal også bindast kryptografisk mot det sikre nøkkellagerert (WSCD) til lommebok-instansen. Det er berre særskilde utstedarar, utpeikt av medlemslandet, som har lov til å utferde PID.

Rulebook

Reglane for korleis ein PID ser ut, finn du på EU-kommisjon sitt github-repo for rulebooks

Regelboka har ei lang liste med valfrie felt, men dei følgjande er obligatoriske og vil alltid finnast i PIDer frå heile Europa:

  • Fornamn
  • Etternamn
  • Fødselsdato
  • Fødestad
  • Nasjonalitet

Den norske PIDen inneheld i tillegg norsk fødsels- eller D-nummer i attributtet personal_administrative_number.

Døme

Døme på PID, med alle obligatoriske attributt:

{
  "place_of_birth": 
    { 
      "country": "NO"
    },
 "birthdate"="1985-10-23", 
 "nationalities": [ "NO" ], 
 "given_name": "OPPFARENDE", 
 "family_name":  "HEI"
} 

Merk at dømet er sterkt forenkla, attributta er eigentleg sokalla Disclosures på slutten av JWTen. Sjå gjerne ein hurtiginnføring til SD-JWT.

Her er ein DCQL-spørring som etterspør ein PID med fødselsnummer, i SD JWT-format:

{
  "credentials" : [ {
    "meta" : {
      "vct_values" : [ "urn:eudi:pid:1" ]
    },
    "format" : "dc+sd-jwt",
    "claims" : [ {
      "path" : [ "personal_administrative_number" ]
    } ],
    "id" : "eudi-pid-sd-jwt-vc"
  } ]
}