Hjem  >  lommebok

Ta i bruk som utstedar

Ein utstedar er ei teneste som produserer digitale bevis og legg dei i den digitale lommeboka.

Ofte vil ein utstedar vere ein aktør som har spesialisert seg på slik bevis-produksjon, og som utferdar bevis på vegne av ei anna verksemd som er datakjelde (ogso kalla autentisk kjelde). Ei verksemd kan sjølvsagt vere både datakjelde og utstedar for sine eigne bevis.

Korleis bli ein utstedar ?

Dersom du ynskjer å produsere digitale bevis, må du fyrst bestemme deg for om du ynskjer å :

  1. lage utedaren sin sjølv
  2. installere ein mellomvare som fungerer som utsteder (som til dømes EUDIPLO)
  3. bruke Digdir sin utstedar Bevisporten (kun for offentlege verksemder)
  4. få hjelp av ein av leverandørane i sandkassa

Ved alternativ 1 og 2 må du utføre dei etterfølgjande stega her:

1. Registrering

Registere utstedaren din i registeret over brukarstader med korrekt rolle.

Som del av registrering må du lage eit access-sertifkat knytta til brukarstaden, som applikasjonen din nyttar for å autentisere seg mot lommeboka. Du må også registerer eit utstedarsertifikat som du nyttar til å signere bevisa.

Til slutt vert du registert på tillitslista for sandkassen.

2. Lage utstederen

Dette er sopass omfattande at me reknar med at du har kontroll på dette sidan du har tenkt å ta ein utstedar-rolle.