Registrering av utstedarar i sandkassen
Alle verksemder som deltek i sandkassen må vere registrert i brukarstad-registeret (register of relying parties, rp-registeret).
Registreringa syner mellom anne kva rolle verksemda har og kva persondata dei brukar eller produserer.
Korleis registre seg ?
Verksemder som skal vere utstedar må førebels kontakte Digdir for å verte registert.
Kva skal registrerast ?
I sandkassen må du registrere følgjande:
- Namnet på tenesta di (som vert synleg for sluttbrukar)
- Kva data (bevistypar) du tenkjer å utstede (TBD)
Dei andre felta knytt til verksemda di er førehandsutfylte basert på organisasjonsnummer. På sikt kan det kome fleire opplysningar som må registrerast.
Lage access-sertifikat
Når registreringa er komplett, får du høve til å lage eit access-sertifikat. Dette sertifikatet må du bruka til å autentisere utstedaren din mot lommeboka. Å lage eit slikt sertifikat er ein prosess i 4 steg:
- Lag eit nøkkelpar med elliptisk kurve EC256.
- Lag ein CSR (certificate signing request) ut frå dette nøkkelparet.
- Last opp CSRen på registreringa di. Registeret vil då laga eit access-sertifikat tilknytta nøkkelparet ditt.
- Last ned access-sertifikatet og bruk det saman med privatnøkkelen i tenesta di.
Du må aldri sende privatnøkkelen til Digdir eller nokon andre.
Her er eit døme på å generere nøkkelpar og CSR:
#1. opprett ein keystore og lag eit nøkkelpar i den:
keytool -genkeypair -alias rp-access -keyalg EC -groupname secp256r1 -sigalg SHA256withECDSA -validity 365 -storetype pkcs12 -keystore rp-access.p12 -dname "CN=dummy"
#2. lag CSR-fil:
keytool -certreq -keyalg EC -alias rp-access -file rp-access.csr -keystore rp-access.p12
Registrere utsteder-sertifikat
Du må også registrere inn det sertifikatet som du planlegg å signere alle bevis med. Eit slikt utstedarsertifikat må følge krava i ETSI 119 412-6.
- Dersom du skal vere QEAA eller PubEAA må dette sertifikatet vere kvalifisert, dvs. du må få det frå ein utstedar av slike (Buypass eller Commfides i Norge).
- Dersom du berre skal vere EAA-utstedar kan du anten lage eit sjølv (følge spec’en), eller få eit frå Digdir (ved å følge same oppskrifta som over, men pass på å lage eit eige nøkkelpar for utstedarsertifikat), eller skaffe frå ein leverandør.
Registrering på tillitslista
Digdir vil registere utstedarsertifikatet på tillitslista. Dette er p.t. ein manuell prosess.