Hjem  >  eGovernment

Dette er Peppol eGovernment

Peppol eGovernment er ei løysing for meldingsutveksling på tvers av sektorar. Peppol eGovernment legg til rette for å kunne sende strukturerte meldingar og brev mellom fagsystem på tvers av sektorar, inkludert privat sektor.

Over tid har det utvikla seg fleire ulike sektorløysingar for meldingsutveksling i Norge. Løysingane fungerer til dels godt innan sin sektor. Utfordinga er når meldingar skal sendast på tvers av sektorar. Det har ikkje vore ein samordna måte å gjere dette på. Peppol eGovernment er ei løysing som standardiserer utveksling av meldingar på tvers av sektorar. Tekniske transport og sikring utførast på ein standardisert måte. I tillegg legg løysinga opp til at ein standardiserer prosessane og meldingane som skal sendast. Ein viktig komponent i løysinga er SML/SMP, også kalla kapabiltetsregister. Her er det registrert kva type prosessar og dokument ei verksemd støttar å ta i mot på infrastrukturen, og adresse kvar av desse meldingane skal sendast til.

Peppol eGovernment er ei løysing som er implementert i henhold til den europeiske referansearkitekturen og løysingskomponenten eDelivery. eMelding er ei norsk skildring av dette mønsteret for meldingsutveksling. Digitaliseringsrundskrivet for 2024 anbefaler at eMelding nyttast ved utvikling av nye løysingar der meldingsutveksling inngår.

Peppol har sidan 2012 vore brukt til utveksling av elektroniske faktura og andre strukturerte, standardiserte dokument i anskaffelsesprosessen.

I 2022 vart det oppretta ei nytt domene i Peppol, Peppol eGovernment. Bruksområdet for det nye domenet er meldingsutveksling knytt til sakshandsaming i det offentlege.

Peppol eGovernment er i fyrste omgang registrert som eit lokalt norsk domene i Peppol. Men sidan den er i henhold til eDelivery referansearkitekturen ligg det til rette for å kunne utvida til å dekke meldingsutveksling med andre land.

Fyrste bruksområde for Peppol eGovernment er som transportinfrastruktur for Digital Post til innbyggere. Pr. 2024 er 900 offentlege verksemder knyta til løysinga gjennom bruk av Digital Post til innbyggere. I 2023 vart det sendt 22,9 millionar meldingar på Peppol eGovernment.

Statlege verksemder er knytt til løysinga gjennom aksesspunktavtale levert av TietoEvry. KS har etablert eit aksesspunkt som knyt kommunane til løysinga. Det er og mulig å etablere aksesspunkt sjølv, eller kjøpe denne tenesta frå andre tenesteleverandørar.

Arkitekturen legg til rette for bruk av leverandørmarknaden for levering av aksesspunktteneste og til utvikling av tenester som brukar infrastrukturen. Offentlege og private verksemder kan knyte seg til løysinga gjennom avtalar med leverandørar av fagsystem, tilsvarande slik dei gjer i dag for mottak og sending av elektronisk faktura på Peppol.

Har du forslag til prosessar og meldingstypar som kan egne seg til bruk på Peppol eGovernment? Ta kontakt på servicedesk@digdir.no