Ta i bruk Peppol eGovernment
Korleis ein som verksemd eller tenesteleverandør tek i bruk PEPPOL eGovernment.
Peppol eGovernment er ei løysing for meldingsutveksling på tvers av sektorar. Peppol eGovernment legg til rette for å kunne sende strukturerte meldingar og brev mellom fagsystem på tvers av sektorar, inkludert privat sektor.
For tenesteleverandørar
For å tilby tenestar på Peppol eGovernment må du ha avtale med Peppol om levering av tenestar innan domenet Peppol eGovernment. Du finn informasjon om korleis du inngår avtale med Peppol i tabellen under:
Steg 1 av 3 - Planlegging
Steg | Aktivitet | Ansvarlig |
1.1 | Søk medlemskap i OpenPeppol og betal medlemsavgift. | Kunde |
1.2 | Signert PEPPOL TIA-avtale og firmaattest fra Brønnøysundregistrene sendes til DFØ på peppolmyndighet@dfo.no - se detaljer fra DFØ. I avtaledokument Complete Peppol Service Prov, må ein i Annex 4 Authorised Peppol Service Domains skrive inn Peppol eGovernment i lista over Authorised Peppol Service Domains. | Kunde |
Steg 2 av 3 - Integrasjon og testing
Steg | Aktivitet | Ansvarlig |
2.1 | Sett opp aksesspunkt. | Kunde |
2.2 | Søk om testsertifikat hos OpenPeppol når dere er klare til å teste aksesspunktet | Kunde |
2.3 | Gjør en akseptansetest i Peppol-Testbed - se OpenPeppol Acceptance Test. | Kunde |
2.4 | Levere testresultat til Peppol via oppretting av “Test and Onboarding” issue. | Kunde |
2.5 | Når testen er godkjent - søk om produksjonsserifikat ved å opprette “PKI Certificate Request” issue. | Kunde |
2.6 | Informere DFØ på peppolmyndighet@dfo.no om at dere er klare til å ta i bruk aksesspunktet i produksjon. | Kunde |
Steg 3 av 3 - Forvaltning
Steg | Aktivitet | Ansvarlig |
3.1 | Registrere og vedlikeholde kontaktinformasjon i ELMA, dette blir brukt som varslingspunkt. | Kunde |
3.2 | Månedlig rapportering til DFØ innen den 10. påfølgende måned. | Kunde |
3.3 | Fornye aksesspunkt sertifikat hvert 2. år - Kunde er selv ansvarlige for at dette blir gjort før sertifikatet utløper. | Kunde |
Er du tenesteleverandør og har tankar om nye prosessar og dokumenttypar som kan egne seg på Peppol eGoverment, ta kontakt på servicedesk@digdir.no
For verksemnder
Verksemder som vil ta i bruk Peppol eGovernment må ta kontakt med ein Peppol tenesteleverandør. Tenesteleverandøren sørger for integrasjon mellom Peppol aksesspunktet og fagsystemet som skal sende og ta i mot meldingane. Tenesteleverandøren registrer også inn kva prosessar og dokumenttypar verksemda har støtte for å ta i mot. Dette registrerast inn i kapabiltetsregisteret (SML/SMP).
Det er og mogleg for ei verksemd å vera tenesteleverandør sjølv. Sjå kapittel «For tenesteleverandørar»
Digdir er ansvarleg for at prosesser, dokumenttyper og andre relevante artifakter er dokumentert og blir vedlikehalde. Digdir styrer CMB (change management board) for prosesser og dokumenttyper i Peppol eGovernment.
Oversikt over gjeldande prosessar og dokumenttypar innan Peppol eGovernment-domenet finn du her prosesser og dokumenttyper.
Kontakt Digitaliseringsdirektoratet på e-post: servicedesk@digdir.no