Hjem  >  idporten  >  oidc

Utanlandske brukarar

Det er mogeleg å motta pålogging gjennom ID-porten også for brukarar som ikkje brukar norske eID, dvs. brukarar som normalt ikkje har norsk personidentifikator.

Ulike typar brukarar

Kategori Sikkerheitsnivå  Skildring
eIDAS 1 Høgt eller betydeleg Europeiske brukarar som nyttar ein anerkjend elektronisk ID frå sitt heimland
Epost-brukarar Udefinert (ca. lavt) Ein sjølvregistrert brukar, identifisert via epost-adresse. 1-faktor autentisering.
“passport” Ca. betydeleg Brukarar som har registrert seg vha. pass/nasjonalt ID-kort. Sterk 2-faktor-autentisering. Kjem i 2026.
eIDAS 2 Høgt Europeiske brukarar som har ei europeisk digital identitetslommebok. Kjem i EU frå nov. 2026, men uklart når norsk lov blir implementert.

Korleis aktivere funksjonaliteten ?

Klienten bestemmer kva typar eID som skal visast i ID-porten ved å sende ulike acr_values-verdiar i autentiseringsførespurnaden. Følg lenkene ovanfor for ytterlegare dokumentasjon kring dei ulike kategoriane brukarar. Sjå også avsnittet om acr under dokumentasjon av ID-token

For eIDAS-brukarar (og truleg den kommande passport) vil ID-porten forsøke å koble brukaren mot norsk personidentifikator gjennom oppslag mot Folkeregisteret.

Utanlandske brukarar havnar ikkje i Kontakt- og Reservasjonsregisteret.